Opp på dekk, stjerneriddar
Pliktene kallar
På med smil og uniform
Ingen grunn til å søve vekk
Eventyret!
Gutane frå Vangen
Matrosar på romskuta Starbreaker
S/S, frakt av detonatrium og
Ferske grønsaker
Tene nokre ekstra slantar
Sende dei heim til ho mor med postrakett
Trufast pliktskuldig
Kvar løningsdag
Romdrakeangrep
Ultrafiolette beist med svarte groper
Til augo
Kjenner lukta av
Agurkar
Fleire lysår unna
Siklar radioaktivt utover skipsskroget og flenjger opp metall
Verne lasta
Fram med strålepistolane
Riddarmot
Hald flagget heva
Måtte Stjerneguden sjå i nåde til oss
Villfarne sjeler
Fødd på jorda
Til tenesta Hans
Steinar, to år eldre enn bror sin
Kåre
Tak vare på bror din, sa mor
Kom heim heilskinna, utan for djupe flerrer
På sjela
I posisjon, Steinar!
Kommandør Hastings smeltar vekk i stjernesprut-drakeflammer
Innan han rekkjer i posisjon sjølv.
I posisjon, Kåre
Det er opp til dykk no
Gutane frå Vangen
Sunn, frisk ungdom
Håpet til handelsflåten
To ynglingar
Med framtida forut
Heime på garden går Sigrid
Mor til to
Enkje
Stolt og livsglad
Ser inga motsetnad mellom plikt og glede
Om sorga tyngjer
Sigrid lir ikkje av verensgløymsle
Til stades
I livet
Bak plogen
Ved brødomnen
Forut for fridom og ufridom
Forut for valet åt subjektet
Går Sigrid omkring og steller
Til gutane skal kome heim
Steinar ladar
Kåre skyt
Rein stjerne-energi, rå, tilgjengeleg
For alltid
Draken spyr ut atomgneistar
Brenn innvendig, misser festet
Og glid ut i inkje
No blir brørne hans sinte,
Seier Steinar
Kåre ladar strålepistolen
”Ikkje mange månadane kvar,”
Nabo Ola slurpar kaffen venleg i seg
”Nei, dei er på veg tilbake,” nikkar Sigrid
”Ved Pleiadane allereie, skulle ein tru.”
”Pleiadane? Det er jo like borti hogget,”
Ler Sterk-Ola Bakken
I ly for flammene bak kvart sitt kraftskjold
Ventar Kåre og Steinar på tur
Til å gje frå seg energi
Men skjoldet må også verte lada
Beistene gjev seg ikkje, dei er sinte no
Lysbringarane
”Kom hit,” seier Steinar, ”så koplar vi skjolda saman
Så ein av oss blir frigjort til å skyte.”
”Eg maktar ikkje,” seier Kåre
”Drakeilden pressar meg mot dekk. Eg kjem meg ikkje av flekken.”
Det klagande rautet åt oksen Peik
Ein svartmusken figur sjanglar over åkeren
Martin Skjorhagen
”Siste nytt?” spør han
Ventar ikkje på svar
”Du vert rik no, du, Sigrid?”
Klunk av flaska
«Ha deg heimat,» buldrar Sterk-Ola
Slengjer slendrianen på dør
Peik rautar nøgd
Fylliken ranglar bannande videre
”Pengane går med til såkorn. Altihop.»
Sigrid ser forknytt i golvet
”Ja, tidene er ikkje som
Dei var,”
Svarar Sterk-Ola Bakken
Steinar!
Tak
vare på bror din
Kåre!
Ikkje mange månadane kvar
Til dei kjem heim
No
Larris Skjorhagen
Vende heim til Jul
Heiderskrona og med grad som offiser
I kiste
”Synd med han Larris,” sa formannen i Festnemnda
”Slik en likande kar.
Kunne gjort det stort
I Firmaet.
Mykje pengar tapa der.”
På balkongen
Etter middagen
Flirte underdirektøren
Sjampanjefriskt
”Dei pengane var vel drukne opp.”
”Denne bygda er ikkje framtida”
”Investeringsmoglegheitene ligg i matindustrien
På Andromeda.”
Morgendagen høyrer ungdomen
Til
Steinar Vangen
Kjempar mot tolv superstjernebeist
Flagget høgt heva
Forut for fridom og ufridom
”Hald ut, Kåre. Saman skal vi klare det.”
Tankane går til mor Sigrid
Sterk-Ola
Oksen Peik
Bjørg
Snart er det Jul
Igjen
Bjarne Benjaminsen
Den norske tegneserien Vangsgutane ble skapt av Leif Halse og Jens R. Nilssen i 1940, og har utkommet som julehefte nesten hvert år siden. Serien handler om brødrene Steinar og Kåre Vangen, som rett som det er tar på seg voksen kars arbeid for å hjelpe bygda og mor si, Sigrid. I dette vesle sf-diktet har brødrene begitt seg ut på en optimistisk ferd som hører framtidsdrømmene til.
Fonna forlag, som utgir Vangsgutane, utgir for øvrig også juleheftet Ingeniør Knut Berg på eventyr, klassisk norsk science fiction av fremste merke. Men det er en annen historie igjen.