Fantastiske bøker, ny podkast om fabelprosa

Laurdag 8. november kjem forfattarane Tharaniga Rajah og Monica Bjermeland med podkast om fantastisk litteratur for vaksne som har gløymd kor kjekt det er å lese.

Lenke til podkasten:

shows.acast.com/fantastiske-boker/episodes

Artikkelen er i sin heilskap basert på ei pressemelding frå dei involverte forfattarane, og held fram:

– Når regjeringa i første omgang prioriterer å stimulere barn si leselyst, må rett og slett me andre tenke på dei vaksne, seier dei to.

I første episode av lydsendinga «Fantastiske bøker», som kjem laurdag, dagen før FNs klimatoppmøte tek til i Brasil, undersøker dei norsk klimafiksjon. Professor Karen O’ Brien, tidlegare forfattar i Klimapanelet og Naturpanelet, er gjest og deltek i kritikken av romanen Blå av Maja Lunde.

Dei andre klimabøkene som skal vurderast er Nullinga av Paul Abel av Bjørn Vatne og Gjentakelsestvang av Joanna Rzadkowska.

Vil tette kritikktomrom

Men kvifor treng vi ein slik podkast?

– I norsk litteratur har produksjonen av fantastisk litteratur eksplodert dei siste tiåra, men kritikken har ikkje makta å følge utviklinga. Dermed går fleire potensielle lesarar glipp av dei gode bøkene i denne store paraplysjangeren, seier Rajah og Bjermeland.

Med lydsendinga håpar dei å tette litt av det fantastiske tomrommet i norsk litteraturkritikk.

Det er vitskapsfiksjon, klimafiksjon, fantasy, horror, økoutopi, slipstream og solar punk som skal under lupa. Første sesong, som er finansiert av Fritt Ord, fokuserer mest på klassiske verk. I framhaldet planlegg programleiarane å inkludere både dragar og samtids-scifi.


Ein sjangerekspert og ei som skal lære

Bjermeland, som normalt er meir av ein mainstream-lesar er seriens mest framandgjorte oppdagingsreisande, medan scifi-forfattaren Rajah er på heimebane.

– No har Tharaniga verkeleg fått meg utpå. Eg hadde stort sett berre lest Margaret Atwood og Gunnhild Øyehaug i sjangeren før vi byrja førebuingane til samtalane. Men eg har jobba ein del med podkast dei siste åra, så det kan eg, seier Bjermeland.

– Eg lyttar mykje til podkast, så det har vore veldig gøy å laga ein sjølv. Me har hatt fokus på høg kvalitet i dette arbeidet, seier Rajah.

Spørsmål dei vil utforske er: Kva seier eigentleg fabelprosa om verda vi lever i og korleis ho kan bli om vi tør å førestille oss ei anna? Kva seier fantastiske bøker om det å vere menneske? Og kva har lemurar med det heile å gjere?

Dei to lovar å kritisere overraskande sider ved verka.

Om programleiarane

Tharaniga Rajah frå Moi er forfattar og omsetjar. Ho gav ut romanen Det er lenge til skumring på Samlaget i 2018.

Monica Bjermeland frå Vestnes er forfattar, kommunikatør og litteraturvitar. Ho gav ut romanen 63 måtar å elske deg på på Samlaget i 2019.

LES OGSÅ:

nyenova.no/retrotopia-visjonen-er-a-utforske-hvordan-vi-mennesker-alltid-har-dromt-om-framtiden/

Del dette innlegget på:

Bjarne Benjaminsen

Bjarne Benjaminsen ble født i 1980 i Oslo, men er vokst opp på Leknes i Lofoten. Han har bakgrunn som loffer, smågårdsdreng, journalist & redaktør, og master i filosofi – og har tidligere publisert tegneserier, dikt og fabler i blant annet Gateavisa, Psykose, Klassekampen, Filologen, og Lofot-Tidende. Ca. 2015 utkom diktsamlinga Kjærlighetsskjelv på avispapir, i co-produksjon med Jason Paradisas diktsamling Pirate of Oslo. Denne solgte i nærmere 5000 eksemplarer på gata i Oslo.  … som duften av en drøm … Kybernetiske fabler er hans "skikkelige" debut, utgitt av Orkana forlag i 2020, illustrert av Thore Hansen. I 2022 bidro Benjaminsen med den avsluttende novellen i antologien Althingi: The Crescent and the Northern Star, på amerikanske Outland Entertainment. Forfatterens andre bok, langnovellen Kalles kopier, utkom i 2023 på Orkana Forlag. Benjaminsen bor i dag på Leknes med kone og to barn. Kontakt: bjarne@nyenova.no 

  1 kommentar til “Fantastiske bøker, ny podkast om fabelprosa

  1. Nå har jeg hørt hele første episode, og det er fristende å gå like kritisk til verks overfor podkasten som programlederne gjør overfor verkene. («Nullingen av Paul Abel» unnvek de litt hovedtemaet til, synes jeg.) Men en slik artikkel får eventuelt vente til første sesong er over. Veldig kult og gøy med podkast om norsk fantastisk litteratur, dette er ikke kjedelig! Ikke minst for SF-entusiaster og fandomfolk kan mye av denne nyere norske SF-litteraturen ha gått litt under radaren, da mange kanskje har vendt blikket bort fra den «seriøse norske samtidslitteraturen» av gammel vane?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *